Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest RHF eig fem helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Apoteka Vest, samt selskapet Helse Vest IKT AS. Føretaksgruppa har cirka 25 000 medarbeidarar. Spesialisthelsetenesta i regionen omfattar 50 sjukehus og institusjonar, og skal gi helsetenester til rundt 1 million innbyggjarar. Driftsbudsjettet er på 18,5 milliardar kroner. Helse Vest RHF er lokalisert på Forus i Stavanger. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.
Kommunikasjonsdirektør
Vi søkjer ein fagleg dyktig og engasjert kommunikasjonsdirektør. Stillinga rapporterer til administrerande direktør og inngår i hans leiargruppe. Avdelinga tel fire medarbeidarar og har i tillegg tett fagleg samhandling med kommunikasjonsmiljøa ute på dei enkelte helseføretaka.
Kommunikasjonsdirektøren har ansvar for all ekstern og intern informasjon i regionen og har òg ei viktig oppgåve ved krisehandtering.
Det er viktig at kommunikasjonsdirektøren famnar heilskapen i helsesektorens oppgåver og utfordringar, forstår verksemda si viktige rolle i samfunnet og trivast med proaktivt arbeid.
Det blir sett store krav til formidling av informasjon, og kommunikasjonsdirektøren må ha brei strategisk og operativ kompetanse. Aktuelle kandidatar har høgare utdanning og har erfaring frå stilling på høgt nivå.
Stillinga krev at du er fortruleg med og erfaren i mediehandtering og har god skriftleg og munnleg uttrykksform. Interesse for helsepolitikk og innsikt i offentlege og politiske avgjerdsprosessar er viktig. Vi vil leggje vekt på konstruktiv kommunikasjon, openheit og evne til å etablere god samhandling internt og eksternt.
Alle søknadene blir behandla konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgivar.
Kontaktperson:
Bente Paulsrud